lørdag 11. oktober 2008

Bilane mine frå eg fekk lappen til no.

Audi 80 1992 mod.

Det her var den første bilen eg hadde når eg fekk lappen. Eg kjøpte den 2 år før eg fekk lappen, så eg hadde god tid til å gjere den "ungdomsvenlig". Motoren var ikkje av dei største, 2,0l forgasser motor så det var bare 90 hester men den gjekk no bra. Når eg kjøpte den hadde den gått 204 000km og når eg solgte den hadde den gått 228 000km så på det tre åra eg hadde den gjekk den lite, dei fleste kilometerane var vel det siste året etter eg fekk lappen. Eg savna denna bilen litt, den var ein kanon god bil.



Subaru Legacy 1992 mod.
Eg kjøpte denna bilen av ein venn av familien, for det var ein del å gjere med den før den var 100% og han eg kjøpte den av hadde ikkje så god greie på bil. Etter eg hadde fiksa den opp så solgte eg Audien og behold denna. Denna bilen hadde litt større motor 2,2l, 136 hester og 4wd, så den bilen her tok seg godt fram. då eg kjøpte den hadde den gått 234 000km og då eg solgte den hadde den gått 245 000km.

VW Golf 2004mod

Eg kjøpte den bilen her for eg trengte ein sikker og pålitelig bil med lavt drivstoff forbruk, den ver litt dyrare enn dei andre bilane men den er knall god å kjøyre. Det er ein 1,9Tdi med 105 hester, men eg har lyst å chippe den sånn at eg får meir effekt. Når eg kjøpte bilen hadde den gått 74000km og no har den gått 87000km. Eg henta bilen 29 februar i år og solgte subaruen i Juli så no har eg bare Golfen å det er godt å bare ha ein bil å bruke penga på.