lørdag 30. august 2008

Filmkveld

I går blei eg invitert inn på Ullebø av Ole Andre og Erlend på filmkveld og mat som eg takka ja til, alltid kjekt å ete og sjå film. Eg reiste innover i 19.30 tida og tok det rolig, for dei var ikkje ferdig på jobb før klokka 20.00, når eg nesten var innkomt møtte eg ein bil som ikkje akkurat tok det rolig, så eg måtte vrenge bilen ut på ei avkjøyring som heldigvis var der.
Når eg kom fram sette vi anlegget mitt inn i bilen til Ole Andre for å teste det, og det blei jaggu god lyd.
Vi gjekk inn og laga til maten (som var taco(namm)) så kobla vi pc-en til tv-en og starta filmen (Knight Rider) som eg utrulig nok ikkje hadde sett (pleier å få med meg alle dei nye bilfilmane).
Då filmen var slutt tok vi oss ein tur ut og lyste etter hjort, og vi såg vertfall 5 stk. når vi kom inn igjen spelte Ole Andre og Erlend fotballspel på xbox og det var så spennende at eg sovna...

torsdag 28. august 2008

Snartur

I dag reiste eg og pappa til Dale for å kjøpe ein bare ein mutter som vi måtte ha til traktoren. Vi var innom alle mulige plassa i Dale som vi tenkte skulle ha den mutteren, men ingen hadde den så det endte med at vi måtte reise til Førde for å få tak i den.
Eg synes det er heilt toske at ikkje er ein einaste plass i Dale som kan ha sånne ting, etter Spesialvare i Dale la ned så må vi til Førde for å få tak i sånne ting.

onsdag 27. august 2008

Off..

Ja i kveld var det fotball på tv igjen, nåke eg ikkje er så glad i. Så då var det bare for meg å sette meg ned forran pc-en og finne på nåke, eg endte opp på www.finn.no/bil og http://www.123spill.no/
å då gjekk tida fort.
I dag begynte endelig jakta, på ullebø har dei to skadeløyver. Ei kolle og ein kalv.
Eg og Ole Andre gjekk ut klokka 03.45 og gjekk på post og klokka 05.4o skaut eg ein hjortekalv på 30kg i slaktevekt. Det var fleire dyr på bøen, men det var bare kalven som tok turen forbi meg.
Så no er det bare kolla igjen å ta på skadeløyvet. Men 10 september så begynner jakta for fullt.