fredag 30. januar 2009

Nürburgring banen


I dag fekk eg ein mail av Ole Andre og det var ein invitasjon til å være med til Tyskland på den berømte Nürburgring bana å få ein opplevelse som eg sikkert ikkje hadde komt til å glømme på ei stund.
Det blir og min første tur til Tyskland så eg får jo oppleve masse meir enn bare Nürburgring bana
Det kjem til å koste litt så vi for sjå om eg tar meg råd til da, men da hadde jaggu vert kjekt. Å kjøyre lovlig i over 200km/t i fleire tima er jaggu ikkje ofte ein får gjere, så eg satsa på at da skjer.
Så viss da e nåken som føle for å sponse meg litt så er da bare å ta kontakt ;)

lørdag 17. januar 2009

Hadde eg bare gått på skule no...

I dag kom eg over ein liten ting som hadde vert litt grei å ha når eg gjekk på skulen, for å kjøpe den no er jo bare bortkasta penga.



Det er ein penn med diktafon og kalkulator som lagra alt som blir skrivd og sagt, for så og kunne bli lasta opp på pc-en. Ganske stilige greie.

Spesifikasjoner
Dimensjoner: 15,5 x 1.4 centimeter, 36 gram
Skjerm: 96 x 18 piksler, OLED
Minne: 1 GB (over 100 timer lydopptak) eller 2 GB (over 200 timer lydopptak)
Batteri: 300 mAh
Bundel:
Notatblokk med 100 sider
Bæreveske og halssnor
To ekstra pennstifter, én "pekepenn"
Ladestasjon (USB med dataoverføring)

Her er adressa så for dei som er interesserte i pennen sjå meir.
http://www.livescribe.com/

Jaja, blei vist ei reklame det her

fredag 16. januar 2009

Småekkel dag på jobben.

I dag var eg glad for at eg jobba inne på båten, for i dag blåste og regna ute. Men over til saka.
I dag sat eg og dreia, eg var litt trøtt og plutselig så datt eg framover. Trudde det var fordi eg var trøtt, men så skjedde det igjen litt seinare og då var eg ikkje så trøtt. Så då begynte eg å lure på om eg besvimte eller nåke i den dur, eg blei litt skeptisk og begynte å tenke på alle mulige ting som kunnne skje viss eg bare plutselig besvimte. Eg tenkte på at eg kunne plutselig besvime mens eg kjørte bil og då mista eg lappen, og korleis skulle eg då komme meg på jobb og alle andre plassa eg skulle.
Klokka 09:00 var det frukost og eg sat meg ned å prata med han eg jobba med, så sa han at "da va litt ekkelt når båten dunka borti kaia når vi sat der nede, eg trudde da var nåke gale med meg i begynnelsen". Så då fekk eg ei forklaring på det som skjedde. Eg blei litt letta for å sei da sånn.

onsdag 7. januar 2009

Vinteavhør


I romjula var eg vitne til at ein kamerat av meg blei skalla ned, så i dag var eg i vitneavhør hos politiet, har aldri vert på avhør før så eg var litt spent på korleis da var. Det var egentlig bare ein heilt vanlig samtale, lensmanen spørte meg og eg svarte. Eg må sei politiet gjer avhøyra nøye, eg måtte fortelle frå tidleg på kvelden og heilt til det skjedde som var i sein på natt. Men det er jo flott at dei gjer jobben nøye.
Det er jo alltid kjekt med litt spenning i livet.

fredag 2. januar 2009

2009

Ja då var vi komt inn i 2009, skulle vel egentlig skrivd detta i går, men bedre seint enn aldri.
Eg hadde egentlig planlagt å reise inn på dingsøyra på fest, men eg var ikkje heilt i form så eg holdt meg heime.
Men da va no greit her heime og, vi fekk besøk av nåken venna så vi fekk litt selskap. Eg hadde jo bestemt meg for å ikkje bruke penga på fyrverkeri, og da klarte eg og. Men dei vi fekk besøk av hadde med seg litt så eg fekk skyte opp litt i å og:)

No e da bare å komme seg inn i den rette døgnrytmen igjen for på mandag e da på jobb igjen, og då blir da fullt kjør rekna eg med.