lørdag 27. september 2008

Jakt på Viksdalen

Eg, Ole Andre og Aleksander reiste opp på Viksdalen til bestemor til Aleksander i går kveld for å jakte litt i dag.
I dag tidlig ca. klokka 05.30 var det kolle og kalv på bøen rett nedafor huset, vi heiv på oss klea i ein fei og sneik oss ut og sat oss ned og venta, for det var litt for mørkt til å skyte. Kalven merka at vi var der og då var det gjort, så då begynte vi å gå oppover mot ein anna bø, men det var ikkje dyr der.
Vi hadde høyrt på ein bukk som baura heile morningen så vi bestemte oss for å skyte den.
Vi gjekk ned igjen til huset for å ete frukost og då var Rune komt, vi gjorde oss klare og fordelte oss, Ole Andre og Aleksander gjekk på post mens eg og Rune skulle jage. Vi høyrte dyr i jaget, men vinden var heilt feil for dei som satt på post. Det blei ikkje dyr på den turen.
Etterpå så for Rune heim og vi kvilte litt for så å ta oss ei siste runde å sjå, men til ingen nytte. Vi blei bare våte.

onsdag 17. september 2008

Hjortejakt

I går kveld blei det skutt ei kolle, og denne gangen var det eg som skaut den. Ole Andre var på skaret og eg sat i skogkanten over huset.
Det var ei stor kolle som var veldig feit, den har sikkert gått å beita på bøen heile livet sitt, men no var det slutt.

Håpa på å få skutt et dyr til i kveld, for det skal være siste kvelden med måneskinn på ei stund.

mandag 15. september 2008

Kveldsjakt i månelys!

Då var den første hjorten skutt her heime, og det var Ole Andre som fekk æren av å skyte.
Månen var fin og stor så eg og Ole Andre tok oss ein tur ut for å sjå om vi såg hjort, men når vi gjekk ut døra så såg vi rett på ein fin liten hjorte-kalv som beita rett over huset vårt, så då var valget enkelt.
Kalven gjekk rett i bakken og ca. 1 time etter så var den ferdig slakta og hang frå taket i garasjen

torsdag 11. september 2008

Gapahuken...

Ja då var endeleg gapahuken som eg og Ole Andre har laga, ferdig og klar til bruk. Vi har jaggu brukt lang tid på den, men så har vi jo ikkje jobba aktivt med den.
Her har vi gapahuken.
Eg har ikkje kunna jakta før i veka pga. jobb, men no til helga begynner eg. :)
I morra kveld går eg opp i gapahuken og blir der til lørdags morningen, så for no håpe det kjem nåken hjorta gåande. .......................................................................................
Her har vi utsikta frå gapahuken.
Eg satsa på å få Ole Andre med meg i gapahuken, for det kan bli ei lang natt der heilt åleine, men det går jo det og.

tirsdag 9. september 2008

Drammens tidende.

Eg har meldt meg på et lesarpanel hos Drammens Tidende for å gi tilbakemeldinga på avisa, men eg har egentlig aldri lest avisa, men var med på 1 undersøkelse, og i dag fekk eg ein minnepenn i posten som takk for hjelpa, å det var ikkje akkurat så toske.
Eg skulle få flax lodd tilsendt jevnlig stod det i brevet, så no for eg begynne å lese nettversjonen av avisa, er vel kanskje best:P

onsdag 3. september 2008

20 år

Ja då va eg endelig blitt 20år, dagen starta med at eg for på jobb folk der gratulerte meg, eg jobba og gjorde det eg skulle men blei litt lei i slutten på dagen så då tok eg da rolig.
Når eg kom heim åt vi svinesnitsel (namm) etter det var det å åpne pakkane, eg fekk litt peng og ein jaktradio og det var det eg ønska meg, men planen var egentlig å kjøpe jaktradio av pengane eg fekk, men no slepp eg det.
Så no er den neste store dagen min, 25år for då slepp eg alle dessa ungdomstillegga men etter det går det bare nedover.