lørdag 30. august 2008

Filmkveld

I går blei eg invitert inn på Ullebø av Ole Andre og Erlend på filmkveld og mat som eg takka ja til, alltid kjekt å ete og sjå film. Eg reiste innover i 19.30 tida og tok det rolig, for dei var ikkje ferdig på jobb før klokka 20.00, når eg nesten var innkomt møtte eg ein bil som ikkje akkurat tok det rolig, så eg måtte vrenge bilen ut på ei avkjøyring som heldigvis var der.
Når eg kom fram sette vi anlegget mitt inn i bilen til Ole Andre for å teste det, og det blei jaggu god lyd.
Vi gjekk inn og laga til maten (som var taco(namm)) så kobla vi pc-en til tv-en og starta filmen (Knight Rider) som eg utrulig nok ikkje hadde sett (pleier å få med meg alle dei nye bilfilmane).
Då filmen var slutt tok vi oss ein tur ut og lyste etter hjort, og vi såg vertfall 5 stk. når vi kom inn igjen spelte Ole Andre og Erlend fotballspel på xbox og det var så spennende at eg sovna...

1 kommentar:

Ole Andrè sa...

Må no sei da at eg e no sjukt trøtt, så det blir nok sikkert tungt å ut å feste i kveld.