lørdag 27. september 2008

Jakt på Viksdalen

Eg, Ole Andre og Aleksander reiste opp på Viksdalen til bestemor til Aleksander i går kveld for å jakte litt i dag.
I dag tidlig ca. klokka 05.30 var det kolle og kalv på bøen rett nedafor huset, vi heiv på oss klea i ein fei og sneik oss ut og sat oss ned og venta, for det var litt for mørkt til å skyte. Kalven merka at vi var der og då var det gjort, så då begynte vi å gå oppover mot ein anna bø, men det var ikkje dyr der.
Vi hadde høyrt på ein bukk som baura heile morningen så vi bestemte oss for å skyte den.
Vi gjekk ned igjen til huset for å ete frukost og då var Rune komt, vi gjorde oss klare og fordelte oss, Ole Andre og Aleksander gjekk på post mens eg og Rune skulle jage. Vi høyrte dyr i jaget, men vinden var heilt feil for dei som satt på post. Det blei ikkje dyr på den turen.
Etterpå så for Rune heim og vi kvilte litt for så å ta oss ei siste runde å sjå, men til ingen nytte. Vi blei bare våte.

Ingen kommentarer: